DataBibelen på Mac og Linux [Til forsida]

DataBibelen kjem med eit avansert program for Windows, og eit enklare program for dei fleste store mobiltelefonar. I tillegg har DataBibelen eit eige program for Mac og Linux, som blir omtalt her.


Om du bare treng å laste ned fila:

Nedlasting av databibelen.zip

Innhaldsliste

  1. Systemkrav
  2. Installering
  3. Installering av passord
  4. Feilsøking/Feilmelding
  5. Oppgradering
  6. Evang/Demo (gratisversjon)
  7. For erfarne brukarar (teknisk)
    1. Manuell installering av eldre CD
    2. Kjøring av Windows-program med emulering


Systemkrav

Du treng ein Linux-PC, ein Mac eller ein Windows-PC med Java installert. Java må vera versjon 1.6 (heiter også versjon 6) eller nyare - nesten ingen bruker eldre i dag.

Får du melding om at Java manglar, eller er for gammal, kan du laste ned ny versjon gratis frå java.com. Merk at eldre Mac oppgraderer Java frå Apple, på vanleg måte for Mac.

Teknisk bakgrunn: DataBibelen for Mac og Linux er eit Java-program. Det krev altså at datamaskinen har Java installert - det har dei fleste i dag. Det kan også kjøre på Windows om PC-en har Java installert. Det likner Windows-utgåva av DataBibelen, men har litt færre funksjonar. (Windows-utgåva kan også kjøre på Mac og Linux om ein bruker eit emuleringsprogram.)


Installering

Installering er å først installere ein fungerande demo til maskinen. Seinare kan ein bruke eit passord ein kjøper for å utvide demoen til ein full DataBibel.

Under her er detaljert instruks for Mac. Linux og Windows er nokså liknande. Demoen er ferdig installert når du får opp eit vindauge liknande dette:

Installering på Mac:

  1. Last ned fila databibelen.zip (lenke til ny side, blå knapp lastar ned).

  2. Fila blir automatisk pakka opp etter nedlasting på Mac, så du får mappa databibel i staden for mappa databibelen.zip på din Mac. Andre må pakka opp sjølv.

  3. Åpne / Nedlastinger og dra mappa databibelen ut på Skrivebordet [Døme].

  4. Åpne den nye mappa databibelen som kjem fram på skrivebordet, og finn fila db4java.jar [Døme].

  5. Hald CTRL-knapp nede (VIKTIG!) mens du høgreklikkar på denne fila, og velg Åpne i menyen du får fram [Døme]. Det kjem eit varsel, der du klikkar det utgråa valget Åpne [Døme]. Då skal DataBibelen starta opp første gong. Det kan også komme eit ufarleg varsel du bare kan ignorere.

  6. Dersom det kjem ei lang feilmelding når du forsøker å starta db4java.jar, kan du forsøke å starte db4java.command med CTRL-høgreklikk på same måte som for db4java.jar i førre punkt.

  7. For å starta DataBibelen seinare kan du bare åpne databibelen og dobbeltklikka på db4java.jar (eller db4java.command) direkte. Eller du kan bruke Ctrl-høgreklikk, velg Lag Alias, og dra aliaset ut på skrivebordet for å få eit ikon som startar DataBibelen direkte [Døme med BEGGE alias].

Etter installeringa kan du sette inn passord for å få full DataBibel. Og du kan lese det innebygde Hjelp-systemet for å læra deg å bruke programmet.


Installering av passord

Utan passord har du bare installert ein liten demo. Full DataBibel og eventuelle tillegg som sangbøker du har kjøpt krev passord.

Det installerer du etter at sjølve DataBibelen har starta opp. Inni DataBibelen velger du menyvalg Hjelp / Installer tekster [Døme]. Skriv inn navn og passord (nøyaktig!), klikk OK og tillegga blir installerte.

Full instruks står også saman med navn og passord på eposten du mottok.


Feilsøking/Feilmelding

Programmet vil ikkje starta

Om eit program slett ikkje vil starta, kan det vera at du ikkje har Java installert, eller har for gammal utgåve. Du kan også få melding om dette. Last i så fall ned og installer nyaste utgåve frå java.com, og forsøkt omatt.

Merk at om du har problem vil ofte Windows-versjonen funke fint med emulering, også om det er problem med Mac-versjonen. Dessverre krev dette litt meir teknisk kunnskap å sette opp.


Oppgradering

Full oppgradering er å kjøpe ny DataBibel. Er du registrert hos SigveSaker som brukar av DataBibelen kan du notere på bestillinga at det er ei oppgradering, så sparer du nokre kroner.

Ofte er ein nøgd med mindre oppgraderingar. Til dømes bare for å få nyaste DataBibel-program, eller ny Bibelleseplan. Det kan ein gjere gratis ved å avslutte DataBibelen og installera på nytt.

Om du etter nedlasting bare drar [Døme] ny mappe ut til skrivebordet sletter du gammal mappe. Har du installert med passord gjer du dette omatt, i ny mappe.

Eigne etikettar/understrekingar

Ny versjon vil slette eigne etikettar, om du har slike. Dei tar du vare på slik: Før du drar ny mappe ut på skrivebordet, høgreklikker du to gonger på NAVNET til mappa databibelen som alt er på skrivebordet, og endrer navnet. T.d. til db-gammel. Installer så ny versjon slik det står over.

Når ny versjon fungerer, åpner du gammel mappe og finn alle filer dblabels. Kopier dei over til ny mappe. Neste gong du startar DataBibel skal han vera oppgradert, inkludert dine eigne etikettar.

Ta gjerne ekstra kopi(ar) av denne fila, i tilfelle datamaskinen havarerer.


Evang/Demo (gratisversjon)

Alle kan fritt laste ned ein gratis Evangeliseringsversjon (Demo) av DataBibelen på Mac og Linux. Han inneheld for tida moderne NT-tekstar og eit par gamle bibeltekstar, og ein del andre bøker som til dømes bibelleseplan. Innhaldet er omtrent det same som i Evang/demo for Windows.

For å få denne på din maskin installerer du bare DataBibelen, utan å sette inn passord for ekstra bøker. Det er ingen avgrensing på kor lenge du kan bruke demoen.


Tilbake til forsida

For erfarne brukarar (teknisk) [Til forsida]

Den vanlege nettsida for folk flest er no ferdig. Resten av denne sida er ekstra, teknisk informasjon som vanlege brukarar ikkje skal trenge, og gjerne heller ikkje vil forstå. Men erfarne Mac-brukarar kan synst det er interessant og/eller nyttig.

  1. Manuell installering av eldre CD
  2. Kjøring av Windows-program med emulering


Manuell installering av eldre CD (teknisk)

DataBibelen kjem i dag som nedlasta pakke, installert frå Internett. DataBibel-CD versjon 6.1a (frå 2011) og nyare har rett nok eit system for installering på Mac, men problemet er at Apple i mellomtida har skifta heile java-systemet sitt, så CD-en ikkje lenger virker. På Linux (og PC) funker det heilt greitt.

Erfarne brukarar kan likevel ofte få til å installere med CD-en ved å:

  1. Installer DataBibelen frå Internett på vanleg måte.
  2. Om du har kjøpt passord installerer du dette nå på vanleg måte.
  3. Kopier til slutt DataBibel-filene manuelt frå CD-en til din maskin (sjå under). Ikkje overskriv evt nyare filer.
Her er ei meir detaljert forklaring om kopiering av filer:

Kopier alle filene i mappa Bibel frå ein gammal DataBibel-CD eller harddisken på ein annan maskin (t.d. PC eller Mac). Desse kopierer du inn til mappa på harddisken der demoen til DataBibelen du lasta ned har lagt seg. Normalt er dette mappa databibelen på skrivebordet.

Om du kopierer frå harddisk eller CD på ein annan maskin kan du kopiere filene med ein USB-minnepinne, nettverk, ekstern USB-harddisk, via lagring på Internett (t.d. www.box.com), e.l.


Kjøring av Windows-program med emulering (teknisk)

Heile dette kapitlet er teknisk, og er tatt med bare for spesielt interesserte. Vanlege brukarar bruker DataBibel-versjonen laga for Mac og Linux. Dette kapitlet er bare for brukarar som vil kjøre Windows-versjonen av DataBibelen på Mac og Linux.

Både Mac og Linux (pluss nokre fleire operativsystem) kan med emuleringsprogram kjøre Windows-program som på ein PC. DataBibelen plar fungere greitt på alle slike. Dømer for Mac er Parallels, Boot Camp, VirtualPC, SoftWindows, Fusion. PC-kort i Mac fungerer også.

Ein kan laste ned nokre slike gratis:
VirtualBox - er ein heil "virtuell maskin", og bruker mye plass
Wine - virker ikkje (våren 2020) på OSX 10.15 Catalina

Når dei er installert og fungerer, skal installering og kjøring av DataBibelen fungere som på Windows, altså som det står i handboka. Ved problem med Wine kan du forsøke å gå til rett mappe (viktig!) i eit terminalvindauge, og starte Wine med programnavnet, t.d. "wine gs4win32.exe" (startar DataBibelen etter installering).

Skulle sjølve installeringa skjære seg går det an å installere til ein PC og kopiere mappa Bibel frå PC-harddisken til din maskin, eller direkte frå CD-en om du har eldre DataBibel.

Ekstraprogram: Saman med DataBibelen for Windows kjem det også nokre ekstra småprogram: Mannakorn som viser bibelvers med faste tidsintervall, skjermsparar som viser bibelvers, og eit lite bibelspel. Desse er reine Windows-program, og kjører dessverre ikkje direkte på Mac/Linux, men burde fungere med emulator.



Tilbake til forsida